Om sorg

Når du mistar ein som står deg nær.

Dei fleste vil oppleve ein dag å være næraste pårørande ved eit dødsfall. Kanskje det kjem plutseleg og uventa? Forventa eller uventa, det er ein ny situasjon som er tung og vanskeleg å klara.

Sorg er ein naturleg reaksjon på tap av ein som står deg nær. I dei seinare åra er me blitt meir og meir klar over kor viktig det er at dei etterlatne vågar å akseptere si sorg og ikkje flykta frå den.

Sorga er ikkje lik hjå alle. Den varierar i styrke og opplevast ulikt.

Den som sørger sin personlighet og forhold til den avdøde er berre to  av faktorene som avgjer korleis sorga kjem til uttrykk.

Fordi sorg opplevast og vert uttrykt ulikt, er det viktig å ha respekt for kvart enkelt menneske sin sorgreaksjon, både din egen og andres.

Ta borna med, og la dei stilla spørsmål.

Dersom sorga vert vanskeleg, er det mogleg å få hjelp.

Ein vil alltid finne folk ein kan snakka med og i enkelte områder finst det sorggrupper og ulike tilbod.

Vi bøyer vårt hode i sorg

Vi bøyer vårt hode i sorg,
ditt blikk og din stemme er borte,
vi skal savne ditt nærvær, ditt vesen,
vi skal ikke se deg igjen.

Vi bøyer vårt hode ærbødig
for alt hva du var, hva du gjorde,
og det som gav mening til livet,
for den som fikk være deg nær.

Vi løfter vårt hode i glede,
ved minner om deg og din tid.
Om din tid iblant oss er over,
så er du en del av vårt liv.

(Kjell Baalsrud)

I løpet av livet kjem dei alle fleste av oss i den situasjonen som dette diktet beskriv. Vårt mål er å bidra til at den siste avskjed vert eit personleg og verdig minne.

Ring oss, så finn me ut saman korleis me kan vera til hjelp.

56 37 14 10  / 56 99 25 70 (Avd. Vaksdal)