Helsingar

Teksthelsingar som følgjer sløyfeband/silkeband på blomane.

Når det skal uttrykkjast ei helsing til avdøde, ei helsing som skal følgja evt. blomar på og ved kista, er det ikkje alltid lett å finne dei rette orda.

Her er nokre forslag som kan vera til hjelp.

Forslaga kan brukes som dei står – eller skrivast om.

Ein kan sjølvsagt også bruke heilt eigne ord.

Me har eige sløyfetrykkeri og skriv tekstar på alle målføre og språk.

Blomehelsingane må ikkje ha silkeband, ein kan og ha ei helsing på eit kort, som dei pårørande vil få.

(korthelsingar vert ikkje lest opp under seremonien).

Tekstforslag

  • Kjært er ditt minne
  • Du vil alltid vera i våre hjarter
  • Dei gode minna vil eg/me gøyma i hjarta
  • Fred over ditt minne
  • Fred / Kvil i fred
  • Fred i Jesu namn
  • Høgt elska – sårt sakna
  • Me unner deg kvila, men saknar deg sårt
  • Minna vil leva
  • Me vil aldri gløyma deg
  • Velsigna vera ditt minne
  • Du var så glad i oss, og me i deg
  • Du var så glad i livet, og me i deg
  • I kjærleik og glede minnast me deg
  • Me var så glad i deg
  • Minna lever / mange gode minne
  • Minnast i kjærleik
  • Ei siste helsing
  • Kjærleg og gavmild var du med dine, minna lever lyse og fine
  • Elska og sakna
  • Med kjærleik og takk for alt du var for meg /oss
  • Ha det godt snille oldefar /mor
  • Takk for alt du gav meg /oss
  • Takk (kjære)…/ Takk for alt (Kjære)..
  • Takk for gode minne
  • Takk for all omtanke og omsorg
  • Takk for alle gode år me fekk saman
  • Takk for alle gode stunder
  • Takk for all kjærleik
  • I takksemd
  • Tru, håp og kjærleik
  • Takk for all din kjærleik og omsorg for oss alle
  • Me møtest igjen / me møtest i himmelen
  • Din kjærleik og omsorg har gjort oss rike.
  • Glad i deg