Nordhordland Begravelsesbyrå tilbyr ei gratis minnebok til dei som ynskjer det.
Me tek bilete av det pynta seremonirommet, kista, blomane med sløyfer, m.m
I tillegg til bileta vil minneboka innehalde ei helsing fra byrået, dødsannonsa, evt. takkeannonsa, programheftet og eventuelt minnetale og andre minneord.
(Dersom ein ikkje ynskjer minnebok avklarar ein dette med oss i samtalen.)
Det som familien ynskjer å ha inn i minneboka, må me få på ein mail innan ei veke etter seremonien (eller etter avtale).
De vil få eit eksemplar gratis. Ynskjer De fleire bøker, kan ein kjøpa det hjå oss.