Kjære pårørande
Noko av det vansklegaste me menneske kan oppleva, er å mista ein som står oss nær.
Det er alltid noko me ikkje fekk sagt, noko me ikkje rakk å gjere saman, og når døden kjem, er det for seint. Me som arbeider i gravferdsbyrå veit at det ikkje finst nokon snarveg gjennom sorga.
Sorg opplevast individuelt, men det er alltid vanskeleg. Nokre følar at det å ta del i det praktiske arbeidet er godt for sorgprosessen, medan dei fleste ynskjer at byrået skal ta hand om det meste. Kva som skal verta gjort, avtalast i samtale med gravferdsbyrået.
Det er mykje som kan opplevast vondt og som ei ekstra belastning i dagane rett etter dødsfallet, men me veit at det å være «tilstades» i livet akkurat i disse dagene gjer at arbeidet med sorg vert lettare.
Melding om dødsfall
Det er mange instanser som skal underrettast ved eit dødsfall.
Gravferdsbyrået melder dødsfallet til følgande instanser:
- Skifteretten / Lensmann
- NAV
- Folkeregisteret
- Politiet
- Gravferdsmyndigheitene
Hugs og melding til:
- Bank / Forsikringsselskap / Fagforeningar