Om Virke Gravferd

Nordhordland Begravelsesbyrå er medlem av Virke Gravferd. Som medlem har byrået forplikta seg til:

  • hensynsfullhet og respekt for de pårørande
  • taushet med hensyn på personlege tilhøve
  • verdighet i alle delar av yrkesutøvinga
  • å bistå med alle tenester og varer som er aktuelle
  • forskriftsmessig utstyr og godt vedlikehaldt bårebil
  • å gje informasjon om prisar
  • spesifiserte regningar for tenestane til byrået
  • kontroll med omsyn til standard og yrkesutøving

Foreninga arbeider blant anna for ein god kvalitetsmessig utvikling av bransjen og for sunne gravferdsskikkar.

Virke Gravferds medlemmer har forplikta seg til å lyda dei etiske rettningslinjene til bransjen og regler, utarbeida av den europeiske bransjeorganisasjonen, European Federation of Funeral Services (EFFS)

Vidare, ein egen standard som beskriv det kvalitative nivået eit medlemsbyrå skal halda, og dessutan kva for tenester og varer det skal kunna tilby.

Virke Gravferd har etablert et eige Etisk Utvalg som handsamar saker og spørsmål av prinsipiell karakter.

Et eige kvalitetssikringsutval på i alt fem medlemmar besøker jamleg medlemsbyråa for å sikra at dei etterlever foreningens krav og normer for god forretningsskikk.

Gjennom Virke Gravferd har me tilgang til kurs, bransjeskule og anna fagleg kompetanse.

Meir informasjon om Virke Gravferd finner du på: www.virke.no