Nordhordland Begravelsesbyrå AS
Hjelp til gjennomføring av gravferd i
Alver, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Fedje, Gulen og Bergen.
Me har også ein avdeling i Vaksdal kommune v/ Ann Elin Mjelde Gullbrå
Når ein av våre kjære døyr, går me inn i ei vond og vanskeleg tid, der me kjenner på uro, sorg, sakn og lengsle. Me i Nordhordland Begravelsesbyrå kan hjelpa til med alle praktiske sider ved ei gravferd.
Livet blir annleis. Mange spørsmål vil mangla svar, og det er ikkje lett å ha oversyn over alle naudsynte gjeremål.

Samtale med oss kan du ha på eit av kontora våre, eller dersom du ynskjer det, kjem me heim til deg.
Vårt hovedkontor er i Alversund (Kyrkjevegen 1). Me har og kontor på Frekhaug ( Havnevegen 31) og avdeling i Vaksdal. (Elvavegen 1 på Dale)
Ring oss, så finn me ut saman korleis me kan vera til hjelp.