Ved dødsfall


Det er mange spørsmål som kjem etter eit dødsfall. 

Me er der for å veileda på ein oversiktleg og ryddig måte, sånn at De får den hjelpa De treng.

 

Det lyt velgast ein person frå dei pårørande som er ansvarleg  for gravferda. Dette vil vera den personen som er familiens kontaktperson ovanfor oss og det offentlega, og den som skriv under papira. Dette er ofte nær familie, ektefelle eller born. Dersom det ikkje let seg gjera å bestemma kven som skal stå ansvarleg vil ein representant frå avdødes heim kommune bestemma det.

 

Ved dødsfall:
Når ein av dine nærmaste døyr og du ringer gravferdsbyrået, treng me å vita avdødes namn og der dødsfallet fant stad, dessutan namn og telefonnummer til ein kontaktperson.
Kva som skjer vidare avheng av kvar og kortid dødsfallet har skjedd.

Dødsfall på institusjon som sjukeheim eller sjukehus:
Personalet på institusjonen kontaktar lege. Legen skriv da ut dødsattest/erklæring om dødsfall.
Pårørende tek sjølv kontakt med gravferdsbyrå.
Når dødsfall skjer på sjukeheim/hus vil byrået legga avdøde i kiste, og sørge for evt. transport til kjølerom.

Dødsfall heime eller utenfor institusjon:
Pårørande kontakter lege. Legen skriv ut erklæring om dødsfall/dødsattest. Dersom det er mistanke om unaturleg dødsfall, eller ein døyr uventa åleine, har legen ansvar for å kontakte politi som vurderer situasjonen.
Pårørande kontakter deretter gravferdsbyrå.
Ved dødsfall heime hentar me vanlegvis avdøde på ei båre, og transporterer avdøde til sjukehjem /hus der vedkommende vert stelt og lagt i kiste.

Dødsfall i utlandet:
Når dødsfall har skjedd i utlandet må pårørande ta kontakt med gravferdsbyrå og avdødes forsikringsselskap. Til forsikringsselskapet må ein oppgje namn på  gravferdsbyrået ein vel, dessutan telefon og e-post adresse dit.
Kostnadar ved heimtransport vert dekka av avdødes reiseforsikring. Dersom avdøde ikkje hadde teikna reiseforsikring må pårørande sjølv ta kostnaden med heimtransport.
Ta kontakt for nærare informasjon.

Samtale
Når pårørande tek kontakt med oss, avtalar me tid og stad for ein samtale. Der me går gjennom detaljer og ynskjer, i samband med gravlegginga/bisettinga, dersom det skal være det.  Til denne samtalen er det viktig at du som pårørande har med personnummeret til avdøde. Dette treng me for å formidla opplysningar om avdøde, og melda dødsfallet til tingretten/politi.
Konferansen tek vanlegvis 1-2 timer, på eit av våre kontor  eller i heimen hjå pårørende.

Etter konferansen vil prest, gravferdstalar eller den som er ansvarleg for minneorda under seremonien, ta kontakt med pårørande for ein sørgesamtale. I sørgesamtalen snakkar ein om kva som skal seiast i minneorda.

I samtalen går me gjennom kva for type seremoni De, som pårørande ynskjer.
Ein kan velje kristen, humanistisk eller personleg seremoni.

Ein kan og velge å ikkje ha seremoni, og ein kan ha den i stillheit eller annonsert. her bestemmer De.

Kristen/tradisjonell seremoni:
* Alle kyrkjer og kapell kan nyttast
* Tre salmer 
* Soloinnslag dersom ein ynskjer det. (all musikk må godkjennast av organist og prest)
* Prest og organist vert formidla av oss

Humanetisk seremoni:
* religionsnøytrale kapell og andre egna rom, kan nyttast
*  Human-Etisk Forbund er behjelpeleg med gravferdstalar
* Her står ein fritt med tanke på musikk og dikt, men da uten kristent innhald ( må godkjennast av seremoniledar )

Privat seremoni:
* Alle kapeller og andre egna stader kan nyttast.
* gravferdstalar må velgast
* Her står ein fritt med tanke på musikk og dikt

 

 Å tenkja på før konferansen:

* Fødsels-og personnummer til avdøde
* Er det ynskje om å sjå avdøde ein siste gong? Evt ha ei minnestund?

*gravlegging, eller kremasjon?

* Skal det være seremoni? kva type ?

* ynskjer De ein solist?
* Kva ynskjer ein av blomar? 
* Sløyfer og sløyfetekstar
* Val av salmer/sanger
* Framside av program, eige bilde?
* Val av kiste og evt. urne
* Oppsett og bestilling av dødsannonsa/takkeannonser

Det er mange instanser som skal underrettast om eit dødsfall, me veilleder til utfylling av alle offentelge papirer.
og me melder frå om dødsfallet til følgande instanser:
* Skifteretten / Lensmannen
* Gravferdsetaten


Husk også melding til:
* Bank
*div. abonnement

* Forsikringsselskap
* Fagforeningar
* Andre foreningar