Sløyfetekstar


Teksthelsinga på silkebanda/sløyfa som føl blomar.

Når det skal uttrykkjast ei helsing til avdøde, ei helsing som
skal følgja evt. blomar på og ved kista, er det ikkje alltid 
lett å finne dei rette orda.

Her er nokre forslag som kan vera til hjelp.
Forslaga kan brukes som dei står - eller skrivast om.

Ein kan sjølvsagt også bruke heilt eigne ord.

Me har eige sløyfetrykkeri og skriv tekstar på alle målføre og språk.

Blomehelsingane må ikkje ha silkeband, ein kan og ha ei helsing på eit kort, som dei pårørande vil få.

( korthelsingar vert ikkje lest opp under seremoninen)

 

1. Kjært er ditt minne
2. Du vil alltid vera i våre hjarter
3. Dei gode minna vil eg/me gøyma i hjarta
4. Fred over ditt minne
5. Fred / Kvil i fred
6. Fred i Jesu namn
7. Høgt elska - sårt sakna
8. Me unner deg kvila, men saknar deg sårt
9. Minna vil leva
10. Me vil aldri gløyma deg
11. Velsigna vera ditt minne
12. Du var så glad i oss, og me i deg
13. Du var så glad i livet, og me i deg
14. I kjærleik og glede minnast me deg
15. Me var så glad i deg
16. Minna lever / mange gode minne
17. Minnast i kjærleik
18. Ei siste helsing
19. Kjærleg og gavmild var du med dine, minna lever lyse og fine
20. Elska og sakna
21. Med kjærleik og takk for alt du var for meg /oss
22. Ha det godt snille oldefar /mor
23. Takk for alt du gav meg /oss
24. Takk (kjære).../ Takk for alt (Kjære)..
25. Takk for gode minne
26. Takk for all omtanke og omsorg
27. Takk for alle gode år me fekk saman
28. Takk for alle gode stunder
29. takk for all kjærleik
30. I takksemd

31.Tru, håp og kjærleik

32.Takk for all din kjærleik og omsorg for oss alle

33.Me møtest igjen / me møtest i himmelen

34.Din kjærleik og omsorg har gjort oss rike.

35. Glad i deg