Personvernerklæring


1. Nordhordland Begravelsesbyrå as

Eigar av denne nettsida er: Nordhordland Begravelsesbyrå as, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund
Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Vårt org. nr er: NO 985 694 680 .  


2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr og fødselsnummer. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
 

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.


4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kontaktpersonar med namn, adresse, epost og telefonnr. I tillegg lagrar vi opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra, ta kontakt på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
 

5. Informasjonskapslar

Du kan når som helst takka nei til å motta informasjon frå oss.

6. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Nordhordland begravelsesbyrå på epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  

7. Underleverandørar (databehandlarar) 

Nordhordland begravelsesbyrå as nyttar underleverandørar for å administrere kundeforhold og tenesta samt planlegging av gravferda. Databehandleren skal etter avtale med oss handsame personopplysningane dine på den måten vi bestemmer. Vi pålegg databehandlaren å sørge for en forsvarleg informasjonssikkerheit, herunder at persondata ikkje kan overdragast til andre.
 


8. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Nordhordland begravelsesbyrå as (Marit Karin Vetaas Haukeland) er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Nordhordland Begravelsesbyrå AS

Vakt telefon 
56 37 14 10     

Avdeling Vaksdal
56 99 25 70 (Ann-Elin M. Gullbrå)       
        

Havnevegen 31, 5918 Frekhaug 
  (Frekhaug senter)

Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund 
  (Kyrkjelydshuset)

Epost:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Ta gjerne kontakt for å avtala tid og stad for eit uforpliktande møte.

 

 Marit Karin V. Haukeland

  Marit Karin V. Haukeland
  Dagleg leiar

  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

  Telefon 56 37 14 10 

             

Elin Morken 

  Elin Morken
  Gravferdskonsulent

  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

  Telefon 56 37 14 10

 

 

 

 

 

 Sølvi Helen K.Mjøs   Sølvi Helen K. Mjøs
  Gravferdskonsulent

  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

  Telefon 56 37 14 10

  Ann-Elin M. Gullbrå

  Avd. Vaksdal

  Ann-Elin M. Gullbrå
  Gravferdskonsulent

  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

  Telefon 56 99 25 70

OM Virke Gravferd                                              
                                                                          

Nordhordland Begravelsesbyrå er medlem av Virke Gravferd  

Som medlem av Virke Gravferd har byrået forplikta seg til:

* hensynsfullhet og respekt for de pårørande
* taushet med hensyn på personlege tilhøve
* verdighet i alle delar av yrkesutøvinga
* å bistå med alle tenester og varer som er aktuelle
* forskriftsmessig utstyr og godt vedlikehaldt bårebil
* å gje informasjon om prisar
* spesifiserte regningar for tenestane til byrået
* kontroll med omsyn til standard og yrkesutøving

Foreninga arbeider blant anna for ein god kvalitetsmessig utvikling av
bransjen og for sunne gravferdsskikkar.

Virke Gravferds medlemmer har forplikta seg til å lyda dei etiske rettningslinjene til bransjen og regler, utarbeida av den europeiske
bransjeorganisasjonen, European federation of Funeral Services (EFFS)
Vidare, ein egen stander som beskriv det kvalitative nivået eit
medlemsbyrå skal halda, og dessutan kva for tenester  og varer det skal kunna
tilby.

Virke Gravferd har etablert et eige Etisk Utvalg som handsamar saker og spørsmål
av prinsipiell karakter.

Et eige kvalitetssikringsutval på i alt fem medlemmar besøker jamleg
medlemsbyråa for å sikra at dei etterlever foreningens krav og normer
for god forretningsskikk.

Gjennom Virke Gravferd har me tilgang til kurs, bransjeskule og
anna fagleg kompetanse.

Meir informasjon om Virke Gravferd finner du på: www.virke.no

Det er mange spørsmål som kjem etter eit dødsfall. 

Me er der for å veileda på ein oversiktleg og ryddig måte, sånn at De får den hjelpa De treng.

 

Det lyt velgast ein person frå dei pårørande som er ansvarleg  for gravferda. Dette vil vera den personen som er familiens kontaktperson ovanfor oss og det offentlega, og den som skriv under papira. Dette er ofte nær familie, ektefelle eller born. Dersom det ikkje let seg gjera å bestemma kven som skal stå ansvarleg vil ein representant frå avdødes heim kommune bestemma det.

 

Ved dødsfall:
Når ein av dine nærmaste døyr og du ringer gravferdsbyrået, treng me å vita avdødes namn og der dødsfallet fant stad, dessutan namn og telefonnummer til ein kontaktperson.
Kva som skjer vidare avheng av kvar og kortid dødsfallet har skjedd.

Dødsfall på institusjon som sjukeheim eller sjukehus:
Personalet på institusjonen kontaktar lege. Legen skriv da ut dødsattest/erklæring om dødsfall.
Pårørende tek sjølv kontakt med gravferdsbyrå.
Når dødsfall skjer på sjukeheim/hus vil byrået legga avdøde i kiste, og sørge for evt. transport til kjølerom.

Dødsfall heime eller utenfor institusjon:
Pårørande kontakter lege. Legen skriv ut erklæring om dødsfall/dødsattest. Dersom det er mistanke om unaturleg dødsfall, eller ein døyr uventa åleine, har legen ansvar for å kontakte politi som vurderer situasjonen.
Pårørande kontakter deretter gravferdsbyrå.
Ved dødsfall heime hentar me vanlegvis avdøde på ei båre, og transporterer avdøde til sjukehjem /hus der vedkommende vert stelt og lagt i kiste.

Dødsfall i utlandet:
Når dødsfall har skjedd i utlandet må pårørande ta kontakt med gravferdsbyrå og avdødes forsikringsselskap. Til forsikringsselskapet må ein oppgje namn på  gravferdsbyrået ein vel, dessutan telefon og e-post adresse dit.
Kostnadar ved heimtransport vert dekka av avdødes reiseforsikring. Dersom avdøde ikkje hadde teikna reiseforsikring må pårørande sjølv ta kostnaden med heimtransport.
Ta kontakt for nærare informasjon.

Samtale
Når pårørande tek kontakt med oss, avtalar me tid og stad for ein samtale. Der me går gjennom detaljer og ynskjer, i samband med gravlegginga/bisettinga, dersom det skal være det.  Til denne samtalen er det viktig at du som pårørande har med personnummeret til avdøde. Dette treng me for å formidla opplysningar om avdøde, og melda dødsfallet til tingretten/politi.
Konferansen tek vanlegvis 1-2 timer, på eit av våre kontor  eller i heimen hjå pårørende.

Etter konferansen vil prest, gravferdstalar eller den som er ansvarleg for minneorda under seremonien, ta kontakt med pårørande for ein sørgesamtale. I sørgesamtalen snakkar ein om kva som skal seiast i minneorda.

I samtalen går me gjennom kva for type seremoni De, som pårørande ynskjer.
Ein kan velje kristen, humanistisk eller personleg seremoni.

Ein kan og velge å ikkje ha seremoni, og ein kan ha den i stillheit eller annonsert. her bestemmer De.

Kristen/tradisjonell seremoni:
* Alle kyrkjer og kapell kan nyttast
* Tre salmer 
* Soloinnslag dersom ein ynskjer det. (all musikk må godkjennast av organist og prest)
* Prest og organist vert formidla av oss

Humanetisk seremoni:
* religionsnøytrale kapell og andre egna rom, kan nyttast
*  Human-Etisk Forbund er behjelpeleg med gravferdstalar
* Her står ein fritt med tanke på musikk og dikt, men da uten kristent innhald ( må godkjennast av seremoniledar )

Privat seremoni:
* Alle kapeller og andre egna stader kan nyttast.
* gravferdstalar må velgast
* Her står ein fritt med tanke på musikk og dikt

 

 Å tenkja på før konferansen:

* Fødsels-og personnummer til avdøde
* Er det ynskje om å sjå avdøde ein siste gong? Evt ha ei minnestund?

*gravlegging, eller kremasjon?

* Skal det være seremoni? kva type ?

* ynskjer De ein solist?
* Kva ynskjer ein av blomar? 
* Sløyfer og sløyfetekstar
* Val av salmer/sanger
* Framside av program, eige bilde?
* Val av kiste og evt. urne
* Oppsett og bestilling av dødsannonsa/takkeannonser

Det er mange instanser som skal underrettast om eit dødsfall, me veilleder til utfylling av alle offentelge papirer.
og me melder frå om dødsfallet til følgande instanser:
* Skifteretten / Lensmannen
* Gravferdsetaten


Husk også melding til:
* Bank
*div. abonnement

* Forsikringsselskap
* Fagforeningar
* Andre foreningar

 

 

INFORMASJON

Kjære pårørande

Noko av det vansklegaste me menneske kan oppleva, er å mista ein
som står oss nær. Det er alltid noko me ikkje fekk sagt, noko me ikkje
rakk å gjere saman, og når døden kjem, er det for seint. Me som arbeider i gravferdsbyrå veit at det ikkje finst nokon
snarveg gjennom sorga.

 

Sorg opplevast individuelt, men 
det er alltid vanskeleg. Nokre
følar at det å ta del i det
praktiske arbeidet er godt for
sorgprosessen, medan dei fleste
ynskjer at byrået skal ta hand
om det meste. Kva som skal
verta gjort, avtalast i samtale med
gravferdsbyrået.

Det er mykje som kan opplevast
vondt og som ei ekstra
belastning i dagane rett etter
dødsfallet, men me veit at det å
være "tilstades" i livet akkurat i
disse dagene gjer at arbeidet
med sorg vert lettare.

 

informasjon blomst

 

 

Melding om dødsfall
Det er mange instanser som skal underrettast om eit dødsfall.
Gravferdsbyrået melder dødsfallet til følgande instanser:

* Skifteretten / Lensmann
* NAV
* Folkeregisteret
* Politiet 
* Gravferdsmyndighetane

Hugs og melding til: 
* Bank /
 Forsikringsselskap / Fagforeningar