Gravminner


Me formidlar kvalitetssteinar fra Kjøl Stenindustri AS  

og Eide Stein AS

Ein gravstad betyr så mykje - derfor er det viktig å velje gravminne med omtanke. Når ein av våre kjære døyr, oppleve de aller fleste  av oss at det er godt å ha ei grav å gå til. Grava hjelpe oss å  ære minnet til den som er dø.

 Dei fleste av oss kjøper eit gravminne bare ein eller to gongar i livet, då er det viktig at den som ynskjer det , får kyndig rettleiing før ein bestemme seg. Me vil gjerne gje deg den tid og den informasjon du føl sjølv at du treng for å gjera eit valg du vert nøgd med.

På kontora våre har me utstilling som viser deg dei nokre av dei ulike vala du har. ( størst utstilling på Frekhaug) Våre  steinleverandørar er prisgunstig, men  samstundes ligg dei heilt i fremste rekkje når det gjeld å tilby personlege løysingar.

Me utfører inskripsjon, reins og oppussing av gravsteinar. Omslip av gamle steinar og sikring av gravsteinar. Leverer bronseplater  og alt av anna utstyr, som lykter og  blomsterrammer.

For å sjå på utvalet klikk på linkane under:

Kjøl Steinindustri as: www.stenindustri.no

Eide Stein as:  www.eidestein.no