Begravelsesbyrå


INFORMASJON

Kjære pårørande

Noko av det vansklegaste me menneske kan oppleva, er å mista ein
som står oss nær. Det er alltid noko me ikkje fekk sagt, noko me ikkje
rakk å gjere saman, og når døden kjem, er det for seint. Me som arbeider i gravferdsbyrå veit at det ikkje finst nokon
snarveg gjennom sorga.

 

Sorg opplevast individuelt, men 
det er alltid vanskeleg. Nokre
følar at det å ta del i det
praktiske arbeidet er godt for
sorgprosessen, medan dei fleste
ynskjer at byrået skal ta hand
om det meste. Kva som skal
verta gjort, avtalast i samtale med
gravferdsbyrået.

Det er mykje som kan opplevast
vondt og som ei ekstra
belastning i dagane rett etter
dødsfallet, men me veit at det å
være "tilstades" i livet akkurat i
disse dagene gjer at arbeidet
med sorg vert lettare.

 

informasjon blomst

 

 

Melding om dødsfall
Det er mange instanser som skal underrettast om eit dødsfall.
Gravferdsbyrået melder dødsfallet til følgande instanser:

* Skifteretten / Lensmann
* NAV
* Folkeregisteret
* Politiet 
* Gravferdsmyndighetane

Hugs og melding til: 
* Bank /
 Forsikringsselskap / Fagforeningar